Popkult er Drammensbibliotekets ungdomssatsning. Popkult skal ikkje vere eit ungdomstilbud i tradisjonell forstand. Vi har ei vidare målgruppe enn tenåringar. Målgruppa vår er rett og slett alle som er interesserte i sub- og populærkultur, uavhengig av alder, og samlingane skal spissast i den retninga. Viss ein tenkjer seg biblioteksrommet som eit byrom, skal Popkult vere eit svar på bydelar som Camden i London, Grünerløkka i Oslo etc. Posisjonen som outsider skal vektleggjast i samlingsutviklinga, og vi har som målsetting å kjøpe inn materiale som få andre bibliotek har.

Popkult skal framstå som ei eiga ”geografisk avdeling” i lokala til Drammensbiblioteket. Samanstillinga av ord signaliserer to ting: Pop står for at populærkulturen skal vere ein dominerande faktor i både materiale og innredning, medan Kult seier noko om at det skal vere eit undergrunnspreg over tilbudet i tillegg. Vi lener oss der mot termar som kultbok, kultfilm, kultband etc. Med andre ord skal du finne materiale som kan vere både smalt og populært.

Page last updated on 04/14/2012 at 12:04